Kritikerlaget

Årets litteraturkritiker

Kaja Schjerven Mollerin er Årets litteraturkritiker 2012.

Kritikerlaget 29. februar 2012 PriserLitteratur
Mollerin  kaja schjerven bok nytt.tiff

Tale ved utdelinga av prisen 1. mars 2012 ved Arnhild Skre

«Ein tidsalder som manglar kritikk er enten ein tidsalder der kunsten er urørleg, presteaktig, avgrensa til reproduksjon av gamle former, eller ein tidsalder som ikkje har kunst.»

Desse orda legg Oscar Wilde i munnen på ein av personane i dialogen The Critic as Artist. For Wilde er kritikaren ein som blandar seg inn i kunstfeltet, som så og seia kjeftar på kunstnarane når dei står på staden kvil. I hans auge stivnar kunsten dersom gode kritikarar ikkje konfronterer han.

Med Horace Engdahls ord: «En riktig kritiker skal vara ett permanent hygienisk problem för vanetänkande människor.» Og ikkje minst for vanetenkjande kunstnarar, kunne vi tilføya med Wilde. Kritikken er ikkje alltid ein del av fortroppen, men mange vil vera samde i at kritikken aktivt skal delta i samtalen om kvar kunsten bør gå.

Den andre delen av kritikkens eksistensrett er å formidla mellom verket og lesarane. Formidla då ikkje forstått som å forminska eller forenkla, men heller å intensivera og å opna opp. Dei beste kritikarane er dei som på ein overtydande måte rettleiar oss gjennom verkets irrgangar av estetiske trekk, og etiske og politiske idear. Ved hjelp av fagleg sterk kritikk og nye perspektiv frå kritikaren kan vi erfara verket på nye måtar, enten vi med begeistring oppdagar uante sider ved det, eller innser at det er svakare enn vi først trudde.

Den norske litteraturkritikken anno 2012 er ikkje berre den jamne straumen av meldingar i dags- og vekeaviser. Kritikken kjem også til uttrykk i artiklar og essays, i samtalar og offentlege arrangement, i redigering av tidsskrift og utgjeving av bøker. Dei beste og mest innflytelsesrike kritikarane arbeider i fleire av desse kanalane parallelt, samtidig som dei offensivt og framoverlent omfamnar avisformatets muligheiter, heller enn å lata seg motarbeida av grensene aviskritikken set. To, tre eller seks tusen teikn høyrest kanskje lite ut. Eit par dagar, kanskje ei vekes tid til lesing og vurdering verkar vanskeleg. Små honorar kan tæra på motivasjonen. Men ser vi på arbeida dei dyktigaste norske kritikarane leverer, verkar muligheitene større og sterkare enn avgrensingane. Og produksjonen til den vi vil utnemna til Årets litteraturkritikar 2012 slår dette utrykkeleg fast. Denne kritikaren er medarbeidar i eit av landets viktigaste tidsskrift for litteratur og idear. Samtidig brukar ho den akademiske danninga si til kritisk lesing av både eldre og dagsaktuelle utgjevingar. Ikkje minst resulterer dette i essays og meldingar av svært høg kvalitet i Klassekampens bokmagasin.
Årets litteraturkritikar 2012 er Kaja Schjerven Mollerin.

Mollerin gav i 2011 ut ein monografi om Hans Herbjørnsruds forfattarskap. Ho står bak ei monumental tidsskriftutgåve om Susan Sontags forfattarskap. Og – ikkje minst – ho skriv opnande, observerande og tålmodige tekstar i Klassekampen.

Felles for Mollerins arbeid er den personlege investeringa og det som ser ut som ein aldri kvilande ambisjon om å setja tekstane ho arbeider med i etisk og eksistensiell rørsle. Avismeldingane, intervjua ho har gjort, boka om Herbjørnsrud og det solide essayet om Sontag i siste nummeret av Agora har alle eit tydeleg eg som opent, kritisk og søkjande møter litteraturen og tenkinga. Det er ofte sjølve medmenneskelegheita som står på spel i Mollerins tekstar – som når ho i bokessayet sitt om Sigmund Freud konkluderer slik: «Livets grunnvilkår er tunge nok. Men de blir tyngre om vi går rundt og grunner over dem alene – ja, om vi ikke, av og til i hvert fall, tenker med hverandre.»

Når ho dreg kulturhistoriske linjer er ho pedagogisk utan å bli forklarande. Og i god angloamerikansk tradisjon – ho slektar på både Matthew Arnold og Alfred Kazin – tar ho utgangspunkt i den almenne lesarerfaringa, ho fjernar seg aldri frå den felles opplevinga som motiverer vår interesse for litteratur. Språket hennar er lett, naturleg og vender seg til lesaren.

Lik Harold Bloom, som ho så strålande intervjua i Klassekampen 4. juni 2011, er det utviklinga av sjølvet som er kjernen i Mollerins lesemåte, heller enn det eksplisitt politiske. Hos Bloom let det til at ho finn gjenklang for ønsket om å læra av litteraturen, eit ønske ho i bloomiansk ånd formulerer slik i innleiinga til Herbjørnsrud-boka: «Til syvende og sist er dette en av litteraturens aller fremste egenskaper: at den får deg til å tenke noe du på forhånd ikke trodde du skulle tenke.»
Det same gjeld naturlegvis litteraturkritikken, og Mollerin er ein av dei kritikarane som maktar å realisera dette.

Juryen, som i år har bestått av Susanne Christensen, Bernhard Ellefsen, Guri Hjulstad, Arnhild Skre og Ingvild Solstad-Nøis, ønskjer med dette å heidra ein sterk kollega. Prisen er eit trykk av Arild Yttri med tittelen Pubertet.

Vi gratulerer Kaja Schjerven Mollerin som Årets litteraturkritikar 2012!