Kritikerlaget

Makt utan profitt

«Vi sit i praksis på ein merkevare vi ikkje kan utnytte kommersielt utan å undergrave habiliteten som alt kviler på. Meirverdien av innsatsen nyt andre godt av: Avisene får billig og populært avisstoff og forlaga gratis marknadsføring. Norske kritikarar sponsar difor norsk kulturliv både med fagkunnskap og reine pengar,» skriv Merete Røsvik Granlund, leiar av arbeidsutvalet i Norsk kritikerlags litteraturseksjon, i ein kommentar i Dagbladet laurdag 21. mai. I artikkelen oppfordrar ho forleggar Anders Heger til å diskutere sak, ikkje person, neste gong han reagerer på utspel frå ein kritikar.

Innlegget i Dagbladet er sterkt nedkorta. Vi publiserer her den fullstendige versjonen av Merete Røsvik Granlunds kommentar.

Kritikerlaget 24. mai 2011 LitteraturYtringerDebatt
Mereterg

Av Merete Røsvik Granlund

Forlagsmannen Anders Heger har vekt merksemd med å gå til personåtak på litteraturkritikar Cathrine Krøger fordi ho har uttala seg kritisk til Cappelen Damms utgjevingar av bøker i kategorien «chic lit». Desse to har det sams at dei er raske til å uttale seg og har vilje og evne til spissformuleringar, dei er kort sagt store i kjeften begge to. Forskjellen på dei er at den eine har ein agenda, mens den andre uttalar seg som uavhengig fagperson: Heger har kommersielle interesser både av at forlaget Cappelen Damm har godt rennomé og av at det blir blest om bøkene dei gir ut. Cathrine Krøger får den samme (dårlege) lønna om ho rosar eller risar, men har truleg ei interesse av å uttale seg på ein måte som vekkjer oppsikt; Dagbladet har jo eit uttrykt ønske om sterke meiningar i spaltene sine.

Heger går på bloggen sin tydeleg inn for å undergrave Krøgers autoritet som bokmeldar. Det kan han kanskje lukkast med på kort sikt i eit visst segment av det mest kulturinteresserte publikummet. Men neppe i lengda når det gjeld avislesarar generelt. Uansett kor mykje det stormar rundt Krøger, er nok hennar posisjon som ein mykje nytta kritikar trygg. Ho er difor ein maktfaktor i norsk bokbransje, og tydelegvis eit hår i suppa for somme.

Det er ikkje lenge sidan Krøger var i konflikt med eit anna forlag: Juritzen forlag hadde trekt eit sitat ut frå samanhengen i bokmeldinga hennar, og ho fekk den tvilsame ære å marknadsføre ei bok ho hadde stilt seg svært negativ til. Forleggjar Arve Juritzen nekta for at det han hadde gjort var kritikkverdig.

Det som slår meg, er at verken Juritzen eller Heger ser ut til å vere redde for at det vil straffe seg å komme i konflikt med den profilerte kritikaren Krøger. Er det utenkjeleg at ein fornærma kritikar kunne boikotte bøker frå einskilde forlag, eller bli freista til å la sinnet mot eit forlag påverke vurdering av bøkene deira? Det ville vere vanskeleg både å prove og å gjere noko med.

Som freelance bokmeldar melder ein dei bøkene ein vil, så boikott er etter mi meining uproblematisk, mens å straffe eit forlag med å uttale seg negativt om andre utgjevingar sjølvsagt er uakseptabelt. Eg trur ikkje Cathrine Krøger eller andre norske kritikarar ville handle slik med overlegg. Men forlagsfolk, som sjølv driv med sal, burde vite at negative assosiasjonar til ei merkevare, som navnet på utgivaren av ei bok, kan påverke lesaren. Når Heger og Juritzen ubekymra oppfører seg provoserande og til dels ufint mot bokmeldaren i Dagbladet, er det fordi dei undervurderar makta Krøger har, eller har dei faktisk svært stor tillit til hennar faglege integritet?

Generelt vil eg seie at kritikarstanden blir møtt med tillit i Norge. Forfattarar og forlagsfolk har truleg eit hierarki for kva kanalar og kritikarar dei høyrer mest på, men utanfor denne relativt snevre kretsen kan det vel vere at det eg kallar tillit botnar i ein viss naivitet rundt korleis kvaliteten på litteratur blir vurdert, blanda med likesæle. Uansett kva tilliten eigentleg botnar i, så gjer han at bokmeldarane har makt – marknadsmakt.

I Norsk kritikerlag merkar vi at både laget og medlemmane våre er etterspurde i samarbeid om juryering og vurderinar på kunstfeltet. Kritikarprisane blir òg av mange haldne for å vere dei prisane som har størst presisje. Dette rennoméet ville ein kommersiell aktør ha vanskar med å bygge opp sjølv med store marknadsføringsbudsjett. For Norsk kritikerlag har det tilsynelatande ikkje kosta mykje, her har det ikkje vore snakk om verken marknadsføring eller merkevarebygging. Men det har faktisk kosta. Det spesielle for Kritikarlagets rennomé er at kvar enkel medlem har tatt kostnaden ved å byggje det opp ved å arbeide mykje for dårleg lønn og ved å verne om sin habilitet. Difor er gjennomtrekken stor i kritikarstanden, og dei som held ut lenge har oftast kritikken som bigesjeft.

På den andre sida av bordet er det imidlertid mange som nyt godt av meirverdien av denne innsatsen, som altså i stor grad er drive av idealisme og ikkje-kommersielle interesser: Avisene får billig og populært avisstoff og forlaga gratis marknadsføring. Norske kritikarar sponsar difor norsk kulturliv både med fagkunnskap og reine pengar.

Dei einaste som ikkje kan utnytte det kommersielle potensialet i kritikkens gode rennomé, er kritikarane sjølve. Med ein gong laget eller ein einskild medlem får for mykje pengar frå ein annan aktør i kultulivet (med offentlege etatar som unntak), kan det oppstå mistanke om at det legg føringar på verksemda vår. Det vil med andre ord kompromittere sjølve grunnlaget som rennoméet vårt er bygd på.

Dette er spegla i Kritikerplakaten, som i sum handlar om ein ting: At medlemmane av Kritikerlaget på alle måtar må verne om sin habilitet. Dette gjeld spesielt økonomiske koplingar til aktørar som kan verte påverka av korleis vi utøver kritikargjerninga, men òg eventuelle sosiale eller emosjonelle koplingar av positiv eller negativ art. Med andre ord: Om ein forfattar har stole kjærasten din, bør du unngå å melde den neste boka hans. Det er vanskeleg for andre enn kritikaren sjølv å ha full oversikt over slike bindingar. Men her ser det altså ut som vi har tillit, og mitt inntrykk er at kollegaene mine tar habilitetsspørsmål svært alvorleg.

Vi er sjølvsagt ikkje heva over kritikk av den grunn; at kritikk er skjerpande og naudsynt er vel få andre like overtydde om som oss. Men slik vi uttalar oss om verket og aldri om kunstnaren som person, bør det vere sjølvsagt at kritikk mot kritikken blir retta mot innhaldet i det som blir sagt eller skrive. Neste gong Anders Heger reagerer på utspel frå ein kritikar, oppmodar eg han til å diskutere sak, ikkje person.