Kritikerlaget

Teaterkritikarprisen 2006/2007: Sven Nordin

Prisen tildeles en scenekunstner som gjennom en av sine mange skuespillergjerninger har vist evnen til å mane frem slike «demon- eller engleaktige dimensjonar ein håper på i teatersalen», og som dermed møtte på de forhånd uttalte forventningene om å gjøre «Norges nasjonalepos fra ømhetskonge og riksnazist Knut Hamsun» til ei sammensmelting av teatert og livet.

Kritikerlaget 07. november 2007 Krit.sirkelenPriserTeater
2tmdpris

Hele talen til Sven Nordin som mottar Teaterkritikarprisen 2006/2007:

Det hender, men det hender ikkje så ofte. At det i teateret, eller i livet, når det er på sitt beste, eller kanskje sitt verste, eller ein stad i samansmeltinga av desse to, at det brått kan kjennast som det går ein form for engel gjennom rommet. Jon Fosses dramatikk blitt omtala på denne måten, og trass i at ein vel burde halde seg for klok til å prøve å sette for mange ord på slikt, vil eg prøve meg med at det nettopp har noko med ein stillhet å gjere. Ein stillhet som får lov å ta plass. Ein stillhet som ikkje kan, bør eller må målast i ord, men som rommer og rører ved det menneskelege på eit vis slik at me berre veit. at no, no er me der. I dette øyeblikket er me i berøring med dette noko som me ikkje treng kalle ting, stad eller ved noko namn, men berre møte, med alt vi har av knoklar og hud og hår og la oss bere av gårde til dette andre som så godt rommer oss sjølv eller noko i oss me treng å vite.

Så finnes det mange slags englar, og mange slags stillheitar, og livet og kunsten serverer oss mange eller kanskje berre alt for få av dei, eller på måtar som ofte ikkje når oss lengre enn offentlege kranglingar om engleskular, eller andre djuptpløyande irritasjonsmoment ? som stillheter som lyg, stillheter som ignorerer, stillheter som drep. Teateret har i så måte spela mange roller gjennom historia både som redskap for å fortie maktstrukturar og samfunnstilhøve, eller som avantgardistisk skrik gjennom den industrielle støys «stillhet» om menneskets skjebne. Me har sett teater som både illusjonsskapar og illusjonsbrytar, teater som lyg, teater som ignorerer, teater som drep, i forstand av å ikkje ville oss noko. Eit teater som ikkje kjenner livet, og som dermed ikkje evner å nærme seg det. Slik me vel og kan sjå mennesket gå gjennom livet sitt, utan eigentleg å kjenne det.

Så finnes det heldigvis dei som bryt gjennom støyen og roper med ein stillhet så sterk at den treff oss som ein storm av livskrefter. Poeten, teatermannen og avantgardeikonet franske Antonin Artaud skriv i sitt Grusomhetens teater, annet manifest (skrevet i perioden 1931?35), oversatt av Kjell Helgheim (s. 108):

    Enten man erkjenner det eller ikke, om det er bevisst eller ubevisst, så er den poetiske tilstand, den transcendente livstilstand, noe som publikum dypest sett søker gjennom kjærlighet, forbrytelse, narkotiske stoffer, krig eller oppstandelse.

    Grusomhetens Teater er blitt til for å gjeninnføre ideen om et lidenskapelig og desperat liv på teateret, og det er i denne betydningen av voldsom strenghet, og av ekstrem fortetning av de sceniske elementene, man må oppfatte den grusomheten som dette teatret vil bygge på. Denne grusomheten, som kan bli blodig når det er nødvendig, men som ikke systematisk blir det, er altså identisk med en form for konsekvent moralsk renhet som ikke er redd for å betale livet den pris som skal betales.

Ein digresjon kanskje. Eller kanskje ikkje. Iallefall vil eg gjennom denne påminninga om samanfallet mellom voldsomhet, lidenskap og moralsk reinskap i teateret, gjere eit hopp til baksideteksten på ein pocketutgåve og bildet av ein av norsk litteraturs største figurar, eg siterer: «Nydyrkeren Isak ferdes i et norsk landskap, i Nordlands natur. Men han realiserer selve jorddyrkerens idé. Han er fra alle tider og alle land. Han øver en gjerning som er uunnværlig, et arbeid som ikke bare er skapt av det elementære livsbehov, men som rører ved selve livsmysteriet.» (baksidetekst: Gyldendal, pocketutgave fra 2001)

Knut Hamsun skriv Markens Grøde, som kom ut første gang I 1917, som ein bønn, eit skrik, eit varsko i høvet til menneskets ignorering i høve til fjerninga av seg sjølv frå naturen:
    Ta dere Sellanråfolk: dere ser hver dag på nogen blå fjæld, det er ikke opfundne tingester, det er gamle fjæld, de står dypt nedsunkne i fortid; men dere har d em til kamerater. Dere går der sammen med himlen og jorden og er ett med dem, er ett med dette vide og rotfæstede. Dere behøver ikke sværd i hånden, dere går livet barhændt og barhodet midt i en stor venlighet. Se, der ligger naturen, den er din og dines! Mennesket og naturen bombarderer ikke hverandre, de gir hverandre ret, de konkurrerer ikke, kapløper ikke efter noget, de følges ad. Midt i dette går dere Sellanråfolk og er til. [?] Vær tilfreds! Dere har alt å leve av, alt å leve for, alt å tro på, dere fødes og frembringer, dere er de nødvendige på jorden. Det er ikke alle som er det, men dere er det: nødvendige på jorden. Dere opholder livet.

Og her kjem Hamsuns Isak inn, og verket kan og lesast som ei kjærleikserklæring til sin eigen helt, nydyrkaren Isak, som viser oss noko av dette reine, sterke og gode. Dette som held oppe livet, for ikkje å snakke om denne ?form for konsekvent moralsk renhet som ikke er redd for å betale livet den pris som skal betales? som Artaud etterlyser i sitt teater. Isak er ein kjempar. Isak er ein engel. Skjebna hans krystalliserer livets krefter som verker både i og utanfor han sjølv, og den grusomme dobbeltheten som ligg midt der i.

Så kan ein jo lure, men som mange av oss no er samde om faktisk lot seg gjere ? korleis ein skal kunne støype kompleksiteten som ligg i Isak som nærast mytisk figur, og Markens Grøde som historisk-politisk, dystopisk og samtidig nyromantisk storverk.

Og då kjem eg med eit av navna som klarte å overbevise oss om at dette kunne la seg gjere . Sven Nordin. Født 6. februar 1957 i Oslo, og ein av Norges mest kjente skodespelarar på tvers av teater- og tv-scener i nyare tid. Først ansatt under fast engasjement i teateret ved Oslo Nye Teater I 1981. For mange i min og yngre generasjonar har hans tv-rolle som Nils i serien Mot i brøstet og Carl og co satt djupe spor i forstand av å ikkje forvente å sjå Nordin i djuparepløyande rollefigurar på scena, og han blei vel satt eit godt stykke ut i kulda sjølv om eg godt kan minnast hans staute framtoning frå tv-suksessen Rød Snø (året er 1985, eg er ni og kanskje litt forelska). Utan å fordømme gleden mange kan ha hatt av nettopp Nordins Nils, må eg innrømme eg var nervøs: me har forfattaren Hamsun, me har regissøren Hartmann, me har Isak og heile Markens Grøde, og me har ein skodespelar eg kan få store problem med ikkje å assosiere til ei heilt anna type stove enn Isaks på Sellanrå ? Riktignok var Nordins onemanshow som Hulemannen ein stor suksess, men…
Vel. Så måtte ein jo berre stige inn til hovudsalen på Nationaltheatret, med åpent sinn og tillit til profesjonalitet og håpe om det beste. Eg kunne i så måte og slutte meg til anmeldarkollega Henning Gärtners ord om førehandsforventningar i Morgenbladet: «Den tyske instruktøren Sebastian Hartmann er altså tilbake i byen. Han var sist på Nationaltheatret i 2004, med John Gabriel Borkman. Når han nå skulle gå løs på Markens grøde ? Norges nasjonalepos fra ømhetskonge og riksnazist Knut Hamsun ? var vi mange som bar et håp om storhet i våre bryst.»

Dette håpet blei ikkje berre ivareteke men regelrett løfta til slike demon- eller engleaktige dimensjonar ein håper på i teatersalen, i det Isak Nordin førte både Hartmanns regigrep og oss gjennom velting i jord, løfting av tre, barn, kvinner, plog og blikk, med ein styrke og eit nærvær som stråler av kjærleik til det beinharde, ja, til og med grusomme livet, fordi han visst veit det er godt. Sjølv etter ei uforgløymeleg scene rundt matbordet i det som blei til «trollfamilien rundt grøttrauet» kryssa med «scenar frå eit oppløyst ekteskap», kor Isak Nordin viser sin livsstøyping gjennom mørk og brutal strenghet, er det som om det faste blikket som heile tida ser noko dei andre ikkje ser ? i jorda og horisonten ? har festa seg som ein stor, rungande, desperat og moralsk rein stillhet i det som blei førestillinga sitt etterliv i meg.
Og tydeleg ikkje berre i meg, for Sven Nordin skaper i samspel med regissør Hartmann og eit ensemble som overgår seg sjølv, ei førstilling som regelrett rysta oss inn til Isaks tause viten om ein livets verdi som kanskje er i ferd med å gå tapt. Kor hans eigen storhet og må gå til grunne og vike plass for det nye mennesket. Eller kanskje ikkje, om ein ser godt nok etter.

Eg skal ikkje her prøve å gjere ei full førestillingsanalyse av ei kompleks, både vidunderleg og grusomt underhaldande førestilling, men heller poengtere korleis Nordin ikkje berre gestaltar ein solid og imponerande Isak-figur, men og blir til sjølve berebjelken i førestillinga. Nordin har frå si side uttalt korleis regigrepet satte krav til både mental og fysisk prestasjon han aldri før hadde vore ute for som skodespelar, men som han gjennomførte på slikt vis ? så vidt vi veit og i full kamp med virus og influensapest – at det i aller høgaste grad må ha gjort både han, førestillinga og oss meir enn godt. Dette var stort! I høve til prisen er det og gledeleg å la den gå til ein person som med denne prestasjonen har evna å samle oss kritikarar på tvers av generasjonar til semje om kva som er god kvalitet i teateret.

Så tusen takk til Hartmann, Hamsun og Nationaltheatret for ei sjeldan oppleving, og takk og pris at dei fekk Nordin til å gi skapning til ein teaterets Isak eg knapt trudde var mulig. Der fauk ein kraftstorm av ein stillhetens engel gjennom rommet. Og eg tillater meg eit ønske til slutt:
    Meir slik vind, Nordin!
    Mere Vind!

Det er meg ei ære å tildele årets kritikarpris for Scenekunst til Sven Nordin for sin innsats i Markens Grøde. I år er me heldige å ha Ulf Aas tilbake som pristeiknar, og eg vil herved overrekke prisvinnaren eit av hans bilder. Sven ? Isak ? Nordin: Takk og gratulerer!